Liastølen

Midt i sentrum på Beitostølen ligg det gamle Liasælet som eit levande minne om kultur og tradisionar frå gamal tid. Liasælet er bygd av furu som vart hogd på Beitostølen på 1700-talet. Det gamle koselege stølstunet har òg ein hage med ei stor samling av fjell- og nytteplantar.


Det var Magnus Sandberg som i 2002 fekk i gang att liv i det gamle sælet, om enn på eit litt anna vis enn før i ti'n. Dottera Solveig Sandberg sa seg villig til å føre det gode arbeidet vidare og overtok drifta i 2010.


Sidan 2002 har det om sumaren vore mykje spennande å sjå og oppleva på Liastølen i helgane. Programmet er variert med alt frå t.d. samtaler og foredrag om lokale tema som stølsdrift, folkedraktskikk og fugleliv til demonstrasjonar av gamle handverksteknikkar. Konsertar med song og folkemusikk står òg på plakaten.


Stølen er open kvar laurdag og sundag kl. 12 - 15 i tida frå jonsok til slutten av august. I opningstida kan ein kjøpe lappar med rømme og syltetøy, saft og kaffi.

Liastølen sel òg lokale bøker og prospektkort med motiv frå stølstunet.


Velkomen til open støl!

.

.

.

LIASTØLEN 

KULTURSENTER


Velkomen til ein møteplass for tradisjon og levande kutur.

POSTADRESSE:


Solveig Sandberg

Bygdinvegen 2360

2940 HEGGENES


Tlf 915 49 671

sosandb@online,no

OPNINGSSTID / KULTURPROGRAM


SOMMAR JULI - AUGUST

Laurdag: 12:00 - 15:00

Søndag :  12:00 - 15:00


Du er elles velkommen til å besøke stølstunet heile året!

ORGANISASJONSNR.: 914 938 457


BANKKONTO:

2135 35 59378 

© Copyright. 

Alle rettigheter forbeholdt i henhold til vanlige lover om opphavsrett og kopibeskyttelse.

sida er sett opp av: designsaskia.no