Liastølen


Midt i sentrum på Beitostølen ligg det gamle Liasælet som eit levande minne om kultur og tradisionar frå gamal tid. Den gamle koselege stølen har òg ein hage med ei stor samling av fjell- og nytteplantar.


Det var Magnus Sandberg som i 2002 fekk i gang att liv i det gamle selet, om enn på eit litt anna vis enn før i ti'n. Dottera Solveig Sandberg sa seg villig til å føre det gode arbeidet vidare og overtok drifta i 2010.


Sidan 2002 har det om sumaren vore mykje spennande å sjå og oppleva på Liastølen i helgane. Programmet er variert med alt frå t.d. samtaler og foredrag om lokale tema som stølsdrift, folkedraktskikk og fugleliv til demonstrasjonar av gamle handverksteknikkar. Konsertar med song og folkemusikk står òg på plakaten.


Stølen er open kvar laurdag kl 12-15 i juli og august. I opningstida kan ein kjøpe lappar med rømme og syltetøy, saft og kaffi.

Liastølen sel òg lokale bøker og prospektkort med motiv frå stølen.


Velkomen til open støl!

NESTE ARRANGEMENT

LAURDAG 15. 8. KL. 12


«Når ord og tone møtast»


Lyrikarane Sonja Robøle og Inga Robøle-Hegge vil lesa frå diktsamlingane sine til tonefylgje av langeleiken til Gunvor Hegge.

Alle tre har røtene sine i Heggebygda.


Sal av lodd, kaffi og stølslappar



Foto:

t.v. Sonja Robøle. Foto: Privat
i midten: Gunvor Hegge. Foto: Jon-Erik Faksvåg 
t.h. Inga Robøle-Hegge. Foto: Knut Erlend Hjorth-Johansen