Liastølen Kulturlag

LIASTØLEN KULTURLAG

BLI MED OG STYRK LOKAL NATUR- OG KULTURHISTORIE!


Jo fleire medlemmar dess større tyngde!


Medlemskontingenten er 100,- pr. år, og vi ønsker oss fleire medlemmar.


Liastølen Kulturlag vart formelt oppretta  i 2015 og innmeldt i Frivilligheitsregisteret i Brønnøysund. Laget har eit styre som driftar Liastølen på dugnadsbasis. Hovudmålet for tiltaket er formidling av lokal natur- og kulturhistorie gjennom kulturelle aktivitetar. Vi ønsker så vel turistar som hyttefolk og fastbuande velkomen.
Liastølen er ein møteplass for tradisjon og levande kultur!


Det vel 200 år gamle Liasælet, den gamle Iøa, det vesle fjøset og hagen med om lag 100 ulike planter ligg på leigd grunn og leigeavtale med grunneigaren går ut i desember 2023. Kulturlaget håper å få forlenga avtala.


Hagen som er tilgjengeleg for publikum heile døgnet frå vår til vinter treng både stell og tilsyn, så det er nok av oppgåver for den som vil! Vi ser gjerne at fleire blir med i det dugnadsbaserte arbeidet.


Liastølen Kulturlag har om lag 120 medlemmar og mottek støtte frå Øystre Slidre kommune, Beitostølen Hytteforening og private gjevarar.


Alle som vil kan vera medlem av Liastølen Kulturlag. Ønsker du å bli med?
-Ein vert medlem i laget ved å betale kr 100 pr. år til konto eller ved betaling via VIPPS.  Vennligst bruk skjemaet du finn på denne sida.


Som medlem blir du invitert til å ta del i alle aktivitetar på Liastølen. Du vil få tilsendt program for sumaren i forkant av sesongstart.

Ta gjerne kontakt med ein av oss i styret om du vil bidra eller om du har idear og synspunkt.



Vi håpar på stor interesse og mange medlemmar!

Velkomen til fellesskap omkring Liastølen midt i sentrum av Beitostølen.

Ja, eg ønsker å bli medlem i Liastølen Kulturlag!

 
 
 
Eg har betalt kr. 100,- til VIPPS 506368
Eg har betalt kr. 100,- til konto 2135 35 59378
 
 

STYREMEDLEMMAR I

LIASTØLEN KULTURLAG


SOLVEIG SANDBERG

Tlf 915 49 671

sosandb@online.no


BIRTE ASKGAARD

Tlf 997 28 221 birteaskgaard@gmail.com


BEATE SUNDE KNUTSEN

Tlf 924 31 969

beatesundek@hotmail.com


JONAS LUNDE

Tlf 478 80 811

farjonas@online.no

Faste medhjelparar:

Trine Melby og Hjørdis Hegge

DU KAN OGSÅ STØTTE OSS GJENNOM

GRASROTANDELEN

send SMS: Grasrotandelen 914938457 til 2020    - Eller les her for meir informasjon.

.