KULTURSENTER
Om høgfjellshotella Bygdin og Fagerstrand
v/Torgeir Svalesen
- Som medeigar i Bygdin Høifieldshotel vil hestekaren Torgeir Svalesen fortelja om historia og reiselivet rundt Bygdin i tidlegare tider og fram til i dag.
- Dette er siste arrangement denne sumaren. Denne laurdagen blir det også sommaravslutning med loddtrekning.
Midt i sentrum på Beitostølen ligg det gamle Liasælet som eit levande minne om kultur og tradisionar frå gamal tid. Liasælet er bygd av furu som vart hogd på Beitostølen på 1700-talet. Det gamle koselege stølstunet har òg ein hage med ei stor samling av fjell- og nytteplantar.
Det var Magnus Sandberg som i 2002 fekk i gang att liv i det gamle sælet, om enn på eit litt anna vis enn før i ti'n. Dottera Solveig Sandberg sa seg villig til å føre det gode arbeidet vidare og overtok drifta i 2010.
Sidan 2002 har det om sumaren vore mykje spennande å sjå og oppleva på Liastølen i helgane. Programmet er variert med alt frå t.d. samtaler og foredrag om lokale tema som stølsdrift, folkedraktskikk og fugleliv til demonstrasjonar av gamle handverksteknikkar. Konsertar med song og folkemusikk står òg på plakaten.
Stølen er open kvar laurdag kl. 12 - 15 i tida frå jonsok til slutten av august. I opningstida kan ein kjøpe lappar med rømme og syltetøy, saft og kaffi.
Liastølen sel òg lokale bøker og prospektkort med motiv frå stølstunet.
Velkomen til open støl!
KULTURSENTER
Velkomen til ein møteplass for tradisjon og levande kutur.
POSTADRESSE:
Solveig Sandberg
Bygdinvegen 2360
2940 HEGGENES
Tlf 915 49 671
sosandb@online.no
OPNINGSSTID / KULTURPROGRAM
SOMMAR JULI - AUGUST
Laurdag: 12:00 - 15:00
Du er elles velkommen til å besøke stølstunet heile året!
© Copyright.
Alle rettigheter forbeholdt i henhold til vanlige lover om opphavsrett og kopibeskyttelse.
sida er sett opp av: designsaskia.no